Menes vann Romjulcupen 2008

BELEHALLI (Menes-Brattland jr 4-0): Det var aldri tvil om kor sigeren skulle ende i finalen - etter ei romjulsscoring henta frå øvste hylle.

Sjå video her!

Etter ein amper semifinale mellom lokalrivalane Menes og Fjordane Fighters var det duka for finale mellom Brattland Ballklubbs juniorlag og veteranane frå Menes.

Fjordingane gjekk tidleg opp til 2-0 - etter ei fantastisk scoring av Kristoffer Lønning. Han la ballen tilrette på 15 meters hold, og klistra matchballen frå årets EM-sluttspel der stolpen og tverrleggjaren møtast.

Brattlands keeper rakk knapt å få opp hanskane.

Etter dette gjekk lufta ut av unggutane, som elles imponerte i turneringa.

Utaførbygding avgjorde

Menes-angripar Fredrik (svigerson hass Oddvar) putta to, og avgjorde finalen.

Brattland jr slo Nedrevegen Strandsitjarlag i semifinalen.

Men - bortsett frå Kristoffer Lønning sin scoring - er det nok rådmann Vidar Roseth sitt mirakuløse hælsparkmål heile Balestrand snakkar om etter denne Romjulscupen.

PS! Balalii Ball&Turn slo årets vinnarlag i gruppespelet.

 

RESULTAT 2008:

 

Kl 12.00 Brattland BK - Balalii Ball&Turn1-0

Kl 12.10 Nedrevegen Strandsitjarlag - "Munkholmen"1-0

Kl 12.20 Menes RL - Brattland BK jr 1-0

Kl 12.30 Rådhuset Bosmans - Fjordane Fighters1-2

Kl 12.40 Brattland BK - Menes RL 0-1

Kl 12.50 Nedrevegen Strandsitjarlag - Rådhuset Bosmans 2-1

Kl 13.00 Balalii Ball&Turn -  Brattland BK jr 0-3

Kl 13.10 "Munkholmen" - Fjordane Fighters 0-1

Kl 13.20 Brattland BK - Brattland BK jr 0-1

Kl 13.30 Fjordane Fighters - Nedrevegen Strandsitjarlag 3-3

Kl 13.40 Menes LR - Balalii Ball&Turn 0-1

Kl 13.50 Rådhuset Bosmans - "Munkholmen" 0-3

Kl 14.00 Semifinale 1: Brattland jr - Nedrevegen 2-2 (4-3 e str.)

Kl 14.10 Semifinale 2: Fjordane Fighters - Menes 0-1  

Kl 14.20 Finale: Menes - Brattland jr 4-0

 

GRUPPERESULTAT:

GRUPPE 1

 LagMål Poeng 
 Brattland BK jr+3  6
 Menes +1 6
 Brattland BK -1 3
 Balalii -3 3

GRUPPE 2

Lag Mål Poeng 
 Fjordane Fighters+2 7 (loddtrekning) 
 Nedrevegen +2 7
 "Munkholmen" +1 3
 Rådhuset Bosmans -5 0

HER KAN DU MIMRE LITT FRÅ ROMJULSCUPEN 2007:

 


Fjortun Fighters vann Romjulscup 2007!


Dei slo Brattland Ballklubb 1-0 etter golden goal i finalen.

Sjå video her!